Skip to the content

Dato: 17.02.2019

Tid: 13.30 - 14.15

Stad: Alver

Pris: 100/70,- (stud.)

Kjøp Billetter

Gjenklangen frå bombene

Etter å ha skrive sakprosabøker og essay om situasjonen i spanske Baskerland, ga Edurne Portela i 2017 ut romanen Mejor la ausencia. Boka følgjer hovudpersonen Amaia gjennom oppveksten i Bilbao i 1980- og 1990-åra, i eit miljø prega av politisk vald frå ETA, avindustrialisering og arbeidsløyse. Boka vann den spanske bokhandlarprisen.

Portela møter forfattar og historikar Sigrun Slapgard til ein samtale om korleis den blodige fortida pregar notida og om moglegheitene for frigjering som finst i litteraturen.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald