Skip to the content
}

Frivillig 2024

Du får ny erfaring, gratis festivalpass og sjansen til å oppleve LitFestBergen frå innsida.

Som frivillig på festivalen bidreg du til å skape ei uforgløymeleg festivaloppleving for publikum, forfattarar og samarbeidspartnarar.

Vi treng driftige personar som vil gjere ein innsats under festivalveka. Vi har fleire spennande roller å velje mellom, som publikumsvert, gjestevert eller fotograf. Vi reknar tre arbeidsdagar (tre vakter på ca. 5 timar kvar) for alle frivillige.

Som takk for innsatsen får du:

- Gratis festivalpass

- Attest for fullført arbeid ved førespurnad

- Lett servering av mat og drikke i løpet av vakta

- Sosial samling før og etter festivalen

- 10% rabatt på bøker i Boksalongen

- Festival t-skjorte

Påmeldingsskjema for festivalen i 2024 finn du nedst i denne saka.

Frivilligroller (vel minst to roller du kan tenke deg)

Publikumsvert

Er du i stand til å spre humør og energi? Vil du høyre på forfattarane medan du jobbar? Har du ein mobil og kan bruke ticketco-appen?

Som publikumsvert vil du ønske publikum velkommen ved inngangen, sjekke billettar, syne vegen til seta og ved spørsmål informere om fasilitetar og tidsplanen for programmet. Du vil hjelpe til med å førebu scena for arrangementet om nødvendig.

Gjeste- og artistvert

Er du ein god kommunikator, fleirspråkleg, godt kjent i Bergen og trivast i vertskapsrolla?

Som gjestevert vil du møte gjestene på flyplassen, gi informasjon og syne dei til vidare transport inn til Bergen sentrum. Du vil også ta imot gjester i festivalresepsjonen på hotellet, dele ut akkrediteringar, informere og svare på spørsmål.

Festival-promo

Som del av denne gruppa vil du henge opp plakatar, skilt og liknande før festivalen. Du vil distribuere kataloger eller anna promoteringsmateriale. Denne jobben skjer for det meste før festivalen og ein kan fordele arbeidet på korte vakter.

Vi treng også frivillige som kan distribuere katalogar i Oslo og i andre norske byar. 

Festivalkontor

Er du organisert, serviceinnstilt, detaljorientert og flink med teknologi?

På festivalkontoret vil du ta imot publikum, forfattere og presse, og gje dei generell informasjon om festivalen og programmet. Du vil også selge billettar, eller hjelpe folk med å kjøpe billettar gjennom den digitale plattforma ticketco.

Vert på Green Room

Er du serviceorientert og liker å skape varm og vennleg atmosfære? Som vert i Green Room held du det ryddig, svarar på spørsmål frå deltakarane, og hjelper dei til arrangementa til rett tid.

Allroundar/reserve

Her er oppgåva å avløyse andre frivillige som treng matpause, og bistå med ærend og småoppgåver. Du må kanskje også ta over for nokon som har meldt forfall.

Frivilligkoordinator

Har du lyst til å hjelpe til med å administrere dei frivillige og å sjå til at dei har det bra?

Vi treng ein frivilligkoordinator som kan ha overblikket over dei frivillige under festivalen. Tidlegare festivalerfaring vil bli føretrekt. Viss du er interessert, kontakt meg direkte på maxine@litfestbergen.no.

Obligatorisk opplæring

For at alle skal bli trygge i rollene sine samlar vi dei frivillige til opplæring ei uke før festivalen.

Frist for påmelding som frivillig er 10. januar 2024.

 

 

 

 

Registration to volunteer 2024

You have to be able to be in Bergen during the festival to become a volunteer
Del Innhald