Skip to the content

Bli med på lesesirkel

Art Paxton

Er du glad i å lese litteratur frå heile verda? Har du lyst til å treffe nye menneske som deler litteraturinteressa di?

Kom på lesesirkelen til LittfestBergen. Det kostar ingenting å vere med. Det einaste kravet er at du vil lese og snakke på engelsk.

Våren 2019 diskuterer vi bøker av forfattarar som deltok på LittfestBergen 2019.

25. april 2019, kl. 18.30 - 20.00: Augusttown av Kei Miller.

16. mai 2019, kl. 19.00 - 20.30: The History of White People av Nell Irvin Painter

Kari Jegerstedt, litteraturelskar og førsteamanuensis ved UiB, leiar lesesirkelen som møtest i Fosse-stova på Litteraturhuset.

Ved å bli med på lesesirkel får du:

- Treffe nye menneske som deler lesegleda di

- Bli ekstra godt kjent med litteraturen til nokre av forfattarane som har delteke på, eller kjem til, LittfestBergen

- Diskutere litteratur med ein fagperson

- Unik innsikt i land langt borte, kulturelt og politisk – gjennom litteraturen

Meld deg på til lesesirkel.littfest@litthusbergen.no

Litteraturhusets eigen bokhandel, Boksalongen, har bestilt inn bøkene. Kjøper du dei her får du ti prosent rabatt. For å reservere bøker, send ein e-post til jenny@litthusbergen.no.

Del Innhald