Skip to the content
}

Boksal og signering

Boksalongen er Litteraturhusets eigen bokhandel, kjedeuavhengig og eigenrådig.

Her finn du eit breitt og nøye kuratert utval kvalitetslitteratur, og eit omfattande utval av lokale forfattarar frå Vestlandet. Boksalongen har ein stor engelskavdeling, inkludert norske forfattarar i omsetting, og eit stort utval billige og berekraftige bruktbøker.

LitFestBergen er eit godt høve til å bli kjent med nye forfatterskap, tema, og litteratur frå heile verda. Du kan kjøpe relevante bøker i Boksalongen, også før festivalen. 

Under heile festivalen vil forfattarane signere bøker her. Oversikt over signeringstidspunktet for den enkelte forfattaren vil bli annonsert.

Kom innom Boksalongen og følg med på sosiale media for å få ei oppdatering på kva som skjer på huset, og kva bøker vi anbefaler.

Boksalongen har også sofaer der du kan lese bøker, henge med venner eller internett, og kaffi frå Colonialen.

Kontakt

Tlf: 55 23 15 20 deretter 1
E-post: boksalongen@litthusbergen.no
Facebook / Twitter / Instagram

Del Innhald