Skip to the content

Tilkomst

Program for vaksne og ungdom

Program for vaksne og ungdom skjer på Litteraturhuset i Bergen, som ligg i Østre Skostredet 5–7 i Bergen sentrum.

Litteraturhuset har ein inngang i Østre Skostredet, med trapper opp til inngangsdøra, og ein i Vestre Skostredet. Inngangen i Vestre Skostredet er tilrettelagt for bruk av rullestol, med rampe og automatisk døropnar.

Alle romma i første etasje på Litteraturhuset har tilkomst med rampe eller ligg på flatt plan. Heisen i gangen tek deg vidare til andre etasje, der alle arrangementslokala også har tilkomst for rullestol. 

Ta kontakt i forkant for å reservere plass for rullestol og eventuelt følge, eller dersom du ønsker halsslynge til høyreapparat.

Program for barn

Program for barn skjer på Bergen Offentlige Bibliotek i Strømgaten 6, omlag sju minutt å gå frå Litteraturhuset. Arrangementslokala har enkel tilkomst for rullestol gjennom hovudinngangen rett overfor Bergen Storsenter.

Del Innhald