Skip to the content
}

Per Anders Todal

Vigmostad & Bjørke

Per Anders Todal (f. 1968, Noreg) er forfattar og journalist i Dag og Tid. I 2009 gav han ut si første sakprosabok Fanden på flat mark. Historier frå Kviterussland.

I Havlandet (2018) tek Todal lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke og stormfulle Barentshavet til brislingjakt med not i Sognefjorden, frå det overdådige skreifisket ved Røst til forskingstokt ved korallreva på Mørebankane. Boka fortel historia om dei første seljegerane som padla opp langs kysten for over 11 000 år sidan, om havstraumane som gjev Noreg milde vintrar og eineståande fiskerikdom, og om klimaendringane og havforsuringa som no endrar livet i sjøen på fundamentalt vis.

Todal har studert medievitskap ved Universitetet i Bergen og UC Berkeley.

Det er et driv og liv i denne boka, kombinert med kunnskap, innsikt og kjærlighet til havet, og et språk som gjør den til en fryd å lese.

DAG O. HESSEN, KLASSEKAMPEN - Om Havlandet

Havlandet er essayistisk i form, vittig og velskrevet (...) Kunnskapsglede er blandet med ærefrykten som slår alle som har opplevd drønnet fra brenningene et sted langs Norges 25 tusen kilometer lange kyst.

AAGE BORCHGREVINK, DAGBLADET
Del Innhald