Skip to the content

Mirte Bogaert

Diego Franssens

Mirte Bogaert (f. 1989) er ein belgisk dansekunstnar, busett i Bergen. Ho er utdanna ved Skolen for samtidsdans i Oslo (no Høgskule for Dansekunst) og deltok i Research Studios på P.A.R.T.S. i Brussel frå 2017 - 2018.

Bogaert jobbar i hovudsak som dansekunstnar, både solo og i samarbeid med og for andre kunstnarar som Yang Fudong, Juliette Louste, Tyrone Landau (Edvard Grieg Kor), Kristine Nilsen Oma og Mark Rose. I 2016 oppretta ho scenekunstkompaniet The Fourth Stage saman med Vincent Stephen. Kompaniet produserte All The Wave Was In A Flame (2017) og Put Out The Light (2018).

Bogaert jobbar for den syriske koreografen Mithkal Alzghair i Frankrike, ved sidan av eigne prosjekt. I hennar siste kunstneriske utviklingsarbeid tek ho i bruk tekst, som både er eit partitur for lyd, bevegelse og publikum si førestillingsevne.

Del Innhald