Skip to the content

James E. Montgomery

James E. Montgomery (f. 1962, Storbritannia) er Sir Thomas Adam’s Professor i arabisk ved Trinity Hall, University of Cambridge og forfattar. Han er også redaktør for bokserien the Library of Arabic Literature.

Blant dei mange akademiske publikasjonane hans er The Vagaries of the Qaṣīdah. The Tradition and Practice of pre-Islamic Poetry (1997), som han blei tildelt the British-Kuwait Friendship Society prize for, Al-Jāḥiẓ: In Praise of Books (2013) og Ibn Faḍlān, Mission to the Volga (2017).

Montgomery sine siste utgivingar er War Songs (2018), ei omsetjing av ‘Antarah ibn Shaddād (saman med Richard Sieburth), og boka Loss Sings (2018), som nådde The Times Literary Supplement si liste over årets bøker i 2018.

..in Loss Sings, he creates a way for us to travel – not to the seventh century itself, but to the poems from the era. By placing the poet’s work within the setting of his own grief, he makes the work newly intimate.

THE NATIONAL, M. Lynx Qualey
Del Innhald