Skip to the content

Erlend O. Nødtvedt

Elias Dahlen

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984, Noreg) er forfattar og debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008.

Han har sidan gitt ut diktsamlingane Bergens beskrivelse (2011) og Trollsuiten (2014). For desse har han vunne Ung Poesi-prisen i 2008, Bergensprisen i 2011, Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfatterstipend i 2015 og Premio Ostana i 2017.

Hausten 2017 gav Nødtvedt ut romanen Vestlandet. Boka fekk ei strålande mottaking og har mellom anna blitt omtalt som “en praktfull ode til Vestlandet” og “rein fest og sælebot”. Nødtvedt blei kåra til ein av Noregs ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. I 2018 blei han tildelt Olav H.Hauge-stipendet.

Del Innhald