Skip to the content

Dato: 10.02.2024

Tid: 14.15 - 15.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Å skrive kollektivt

Fem forfattarar frå Norden har på bestilling frå teaterprosjektet Cornerstone skrive eit teaterstykke der ulike tider lek inn i kvarandre, og der vi anar konturane av eit samfunn på brestepunktet, prega av totalitære tendensar og eit ulmande opprør.

Asylet for tap og henrykkelse er arbeidstittelen på eit teaterstykke som blir skrive av dei fem forfattarane Tale Næss (NO), Jonas Eika (DK), Fatemeh Ekhtesari (IR/NO), Timimie Gassko Märak (Sápmi) og Henning Bergsvåg (NO). Under LitFestBergen får vi eit første møte med verket som får urpremiere under Bergen Dramatikkfestival i august 2024.

Del Innhald