Skip to the content

Dato: 10.02.2024

Tid: 13.15 - 14.00

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Å skode boka på omslaget

Bokomslag møter oss i butikken, på nettet og i aviser, som små og store ikon som på ein augneblink skal fortelje oss kva bok det er snakk om. Men kva er eit godt bokomslag? Er det eit sjølvstendig kunstverk? Eller er det ein reklameplakat? Skal det spegle innhaldet, eller skal det framheve forfattaren? Det er all grunn til å snakke om bokomslaga og gi dei ei kritisk vurdering.

Elizabeth Sellevold har jobba med bøker i over tretti år og er no forlagssjef i Vigmostad & Bjørke. Simone Stibbe er forlagssjef i Skald forlag, eit forlag som har fått mange designprisar for bøkene sine. Yngve Knausgård er kommunikasjonsansvarleg for LitFestBergen og sjølv forleggar i Pelikanen forlag. Dei viser døme på det dei meiner er klassikarar, og også på eigne produksjonar. Samtalen blir leia av dagleg leiar av LitFestBergen, Hjørdis Losnedahl.

Del Innhald