Skip to the content
Archives de la Ville de Montréal

Dato: 08.02.2024

Tid: 17.45 - 18.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Winnie og Nelson: Myter om eit ekteskap

I 2024 er det tretti år sidan Nelson Mandela blei valt som den første svarte presidenten i Sør-Afrika. Då hadde han vore gift med Winnie Madikizela-Mandela i 31 år, men dei to hadde knapt budd saman nokon gong. 

Den sørafrikanske forfattaren og akademikaren Jonny Steinbergs nye biografi om dei to ikona skildrar eit ekteskap der det politiske og det personlege var djupt samanvevd. Det at Winnie og Nelson hadde så ulike erfaringar frå kampen mot apartheid, og det at dette førte til ulike politiske synspunkt, stod i motsetnad til den samlande funksjonen dei hadde som eit symbol på håp for millionar av undertrykte sørafrikanarar. Steinberg sin biografi borar djupt i korleis store fysiske og psykiske påkjenningar førte til livslang einsemd og raseri hos begge.

I samtale med den sørafrikanske kulturleiaren Ismail Mahomed vil Jonny Steinberg snakke om djup kjærleik, skremmande ugjerningar og oppløysinga av eit av verdas mest kjende ekteskap. 

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald