Skip to the content

Dato: 10.02.2024

Tid: 15.30 - 16.30

Stad: Auditoriet

Verdas beste klimaforteljingar

Våren 2023 utlyste Bergen internasjonale litteraturfestival i samarbeid med Bjerknessenteret ved UiB og Raftostiftinga ein skrivekonkurranse der vi bad unge frå heile verda skrive eit dikt eller eit personleg essay om klimakrisa. Heile 553 bidrag frå 119 land kom inn, og denne kvelden skal vi møte dei to vinnarane av konkurransen. Korleis kjenner unge menneske klimakrisa på kroppen? Og korleis gir dei uttrykk for kjensla litterært? 

Møt vinnarane i samtale med jurymedlem og professor ved UiB og leiar av prosjektet «Climate Narratives», Kerim Nisancioglu og klimaforskar Siri Veland frå Norce. Innleiing ved festivalsjef Teresa Grøtan.

Samtalen blir leia av Kikki Flesche Kleiven.

Del Innhald