Skip to the content
Lina Hindrum

Dato: 08.02.2024

Tid: 15.15 - 16.00

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Utseld. For mykje tillit

Noreg er det europeiske landet der befolkninga har høgast tillit til styresmaktene. Dei fleste er nøgde med dette: Tillitssamfunnet kallar vi det. Men er det berre bra? Eva Joly og Nina Witoszek gav tidlegare i år ut boka Det blåøyde riket, der hovudtesen er at Noreg er eit så tillitsfullt land at ein ikkje er kritisk nok til dei som har makta, og at dette skaper grobotn for korrupsjon og i neste rekke tillitsbrot. 

Torbjørn Røe Isaksen, tidlegare næringsminister og no redaktør i E24, leiar samtalen med Eva Joly om korleis den norske tilliten har blitt misbrukt av både fredsmeklarar og næringslivsleiarar, og av politikarar, slik vi har sett mange døme på det siste året. 

Del Innhald