Skip to the content
Thomas Wågström

Dato: 09.02.2024

Tid: 19.15 - 20.00

Stad: Auditoriet

Pris: 290/160 (student)

Kjøp Billettar

Utseld. Ei tid for Knausgård

I Morgenstjerne-serien utforskar Karl Ove Knausgård mellom anna vondskap, død og evig liv. I Bergen blir menneske drepne på dei mest bestialske vis, og så sluttar folk å døy i det heile. I den fjerde og førebels siste boka, Nattskolen, er det kunststudenten Kristian som er hovudpersonen. Han er ein usympatisk og sjølvopptatt mann som vi først møter på fotoskule i London på åttitalet. Kor langt er han villig til å gå for å oppnå kunstnardraumen? Ganske langt, viser det seg.

Vi møter Karl Ove Knausgård i samtale med Karin Haugen, kommentator og tidlegare redaktør for Bokmagasinet i Klassekampen. Dei vil snakke om det vonde og det gode, litterære draumar og om Bergen, der Knausgård sjølv budde og studerte som ambisiøs ung mann på nittitalet.

Samtalen blir tolka til engelsk.

Del Innhald