Skip to the content
Håvard Legreid

Dato: 10.02.2024

Tid: 18.00 - 18.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Skuggen. Danseframsyning 2

Dansesoloen Skuggen er laga for LitFestBergen som bestillingsverk. Dansen er inspirert av dikta til grønlandske Pivinnguaq Mørch og er ei iscenesetting av dikt om tap og framandgjering og ei kroppsleggjering av korleis vi lever med skuggesidene våre. Skuggen prøver å seie noko om kampane vi kjempar med oss sjølve og med verda: Skuggane finst ikkje aleine, dei er aldri utan ei lyskjelde. 

Å vere menneske er å vere kropp. Kroppen fortel anten vi vil eller ikkje. Vi viser kven vi er, gjennom måten vi pustar, går og snakkar på. Kven er eg når eg ikkje lenger kan gøyme meg ­– verken for andre eller meg sjølv?

 

Koreograf, idé og konsept: Marit Loe Bjørnstad (NO)

Produsent, idé og konsept: Tora de Zwart Rørholt (NO)

Dansar: Marit Loe Bjørnstad (NO)

Forfattar: Pivinnguaq Mørch (GL)

Illustrasjonsbilde: Håvard Legreid (NO)

 

Produsert med tilskot frå Bergen Dansesenter – kompetansesenter for dans i Vestland, og islandske Dansverkstæðið.

Del Innhald