Skip to the content
Wikipedia Commons

Dato: 07.02.2024

Tid: 20.15 - 21.00

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Shabana Rehmans mange liv

Frå ho steig inn på humorscena tidleg på 2000-talet, til ho døydde seint i desember 2022, var Shabana Rehman ein tydeleg, vittig, kontroversiell og ofte provoserande figur i norsk offentlegheit. Då ho blei alvorleg sjuk tidleg i 2022, gjenopptok ho arbeidet med ei lenge planlagt bok om livet sitt. Då ho skjøna at ho ikkje ville rekke å få boka ferdig, spurde ho venen, teaterregissør og kunstnar Morten Traavik, om han kunne fullføre arbeidet. Under eitt år etter at Rehman døydde, var boka klar. Kva bok er det blitt? 

Morten Traavik, som sjølv ikkje er ukjend med motstand og kontrovers, har fått både ros og hard kritikk for boka. Korleis kan ein fullføre ein sjølvbiografi når det ikkje er seg sjølv ein skriv om? Kva val måtte han ta?

Kjersti Løken Stavrum leiar samtalen, om Shabana sitt eventyrlege liv – kven ho var, kva ho ikkje var, og kva betydning ho fekk i Noreg.

Del Innhald