Skip to the content
Kristin Svorte

Dato: 10.02.2024

Tid: 15.45 - 16.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Pop-poesi med Mona B. Riise

Kan eit liv i oppløysing bli limt saman av musikk?

Frå nobelprisvinnar Bob Dylan og Kari Bremnes via Cezinando og vidare til nokre av Bergens finaste låtskrivarar vil Mona B. Riise i dette føredraget løfte fram poplåtar og spele musikk. Ho fortel si personlege historie, med sterke og humoristiske augneblinkar, om korleis musikk kan gi meining, lime saman liv og – for å bruke dei store orda – kanskje lime saman verda.

Mona B. Riise har jobba som kulturjournalist i snart 25 år. Ho har vore programleiar for tv- program som «Lydverket», «Spellemannprisen» og «Kulturstripa», ho har vore ekspert i programmet «Stjernekamp» i ti år og ho regisserte dokumentarfilmen Stilleste gutt: Lillebjørn Nilsens egen historie. Mona har også skrive boka Norsk pop-poesi, som tar for seg låttekstar.

Del Innhald