Skip to the content

Dato: 09.02.2024

Tid: 20.30 - 21.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Poetisk punkgalla

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert til høgstemt og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Åtte poetar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kartograf for kvelden er poet og skribent Priya Bains.

På scena finn vi forfattar Ruth Lillegraven, som etter debuten i 2005 har gitt ut bøker i ulike sjangrar for både vaksne og barn. I 2013 vann ho brageprisen for diktsamlinga Urd. Indiske Meena Kandasamy er poet, omsettar og aktivist. Ho har skrive fleire dikt og romanar der ho utforskar viktige tema som feminisme og språkleg identitet. Bergensar Erlend Nødtvedt har sidan debuten i 2008 skrive fleire prisløna diktsamlingar og romanar. Han tar ofte i bruk ulike språkformer i bøkene sine, sist i diktsamlinga Olav Nygaards seng frå 2023. Frå Grønland kjem poet og forfattar Pivinnguaq Mørch. I 2019 blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris for Arpaatit qaqortut (’Dei kvite joggeskoa’, 2015) som er ei samling noveller og dikt. Rasma Haidri er ein amerikansk poet, skribent og lærar busett i Noreg. Ho har publisert både sakprosa, essay og dikt, sist i 2023 med diktsamlinga Blue Like Apples. Poet, forfattar og miljøvernaktivist Nnimmo Bassey skriv prosa og dikt, ofte med miljøvern som bakteppe. Den siste boka hans, Oil Politics: Echoes of Ecological War, blei gitt ut i 2016. Timimie Märak er slampoet og multikunstnar og ein av grunnleggarane av Hásstuheaddji-kollektivet som samlar tenkarar, utøvarar og kunstnarar til dialog.

Del Innhald