Skip to the content
Eivind Senneset

Dato: 10.02.2024

Tid: 20.30 - 22.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

NM-finale i slam

LitFestBergen er offisiell arrangør av NM-finalen i slampoesi. I løpet av hausten og vinteren har det blitt arrangert delfinalar landet rundt, og 10. februar samlast finalistane frå Trondheim, Bergen, Oslo og Innlandet for tredje gong på Litteraturhuset i Bergen for å kjempe om den gjeve pokalen. Programleiar, forfattar og musikar Heidi Marie Vestrheim er konferansier.

Slampoesi er ei direkte og spontan poesioppleving som ligg i kryssingspunktet mellom diktopplesing, spoken word, standup og rapp. Den første slamopplesinga blei arrangert på ein jazzklubb i Chicago i 1984 av bygningsarbeidaren og poeten Marc Smith, som hadde eit ønske om å gjere poesien meir folkeleg og inkluderande. Kontakt med publikum, stemning og temperatur i rommet er alfa og omega, og framføringa tel like mykje som teksten.

Finalistar

Marlene Rom Rysstad

Patrick Raugstad

Sadiiq Jdid

Jonas Jeremiassen Tomter

Knut Kippersund

Konferansier

Heidi Marie Vestrheim

Les meir om Heidi Marie her.

Del Innhald