Skip to the content

Dato: 10.02.2024

Tid: 12.00 - 12.45

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Månenyttår

Månenyttår, også kjent som kinesisk nyttår, er den første nymånen i ein månekalender eller i eit månekalenderår. Sjølv om den mest kjende feiringa av månenyttåret er den kinesiske vårfestivalen, blir hendinga feira i ei rekke kulturar over heile verda.

Sidan månenyttårsdagen følger månesyklusen, varierer datoen frå år til år. I 2024 er månenyttårsdagen 10. februar, under LitFestBergen. Northing Space og LitFestBergen inviterer difor forfattaren Nhu Diep, kunstnaren Kiyoshi Yamamoto og teatersjef Tang Fu Kuen, alle med bakgrunn frå kulturar som tradisjonelt feirar kinesisk nyttår, til å dele erfaringar og innsikter. 

Samtalen blir leia av Ben Wenhou Yu

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald