Skip to the content
Niklas Lello

Dato: 10.02.2024

Tid: 20.00 - 20.45

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Livet og litteraturen

«Lyden av en ny generasjon» var karakteristikken Judith Hermann sin litterære debut, Sommerhaus, später (Sommerhus, senere – omsett av Erik Krogstad) fekk då han kom ut i 1998, og Hermann blei kalla Tysklands mest lovande forfattar.

Ho har seinare skrive tre novellesamlingar, og ho gav ut sin første roman, All kjærlighets begynnelse (omsett av Sverre Dahl) i 2014. I 2021 kom romanen Daheim (Der hjemme, omsett av Sverre Dahl).

Bøkene kretsar atmosfærisk og melankolsk rundt tema som lengsel, tap og desillusjon, men viktig er også den stilistisk strenge forma og det usagte i teksten.

I 2022 heldt Hermann poetikkførelesingane ved Goethe-instituttet i Frankfurt. Dei blei gitt ut i bokform same år under tittelen Wir hätten uns alles gesagt: Schweigen und Verschweigen im Schreiben (Vi skulle fortalt hverandre alt, omsett av Sverre Dahl)­.

Boka gir eit innblikk i samanhengane mellom skrift og liv og er eit godt utgangspunkt for ein samtale om forfattarskapen til Judith Hermann. Ho møter Øystein Vidnes til samtale, som går føre seg på tysk.

Samtalen blir tolka til norsk.

Del Innhald