Skip to the content
Eivind Senneset

Dato: 11.02.2024

Tid: 10.30 - 13.30

Stad: Alver

LitFest MINI

Nokre gongar kjem det beste innhaldet i små pakningar. Og slik tenkjer vi om LitFest MINI. Det er ei lita festival i festivalen for dei minste. Her skal barna få oppleve litteraturen på sine eigne premissar, med eit internasjonalt preg. Blant anna kjem forfattar- og kunstnarduoen Andrij Lesiv og Romana Romanysjyn frå Ukraina på besøk. Saman har dei skrive fleire bøker, mellom anna «Krigen som endret Rondo». Boka vart utgitt i 2014 etter Russlands annektering av Krimhalvøya. Då Russland på nytt invaderte Ukraina i 2022 blei boka omsett til ein rekke språk, samt delt ut til ukrainske barn på flukt. Saman med forfattarane skal barna laga eit kart over den fiktive byen Rondo.

 

Program:

10:30: Dørene opnar. Bollar, saft og teiknesakar til alle!

11:00: Høgtlesing av «Krigen som endra Rondo» på ukrainsk og norsk med Andrij Lesiv og Romana Romanysjyn. Etter lesestunda blir det verkstedaktivitetar  for heile familien. Vi lagar eit kart over byen Rondo der vi reparerer skadane etter krigen.

12:30: Framsyning av ein musikalsk tolking av boka «Sound» av Andrij Lesiv og Romana Romanysjyn. Musikarduoen Eva Pfitzenmaier og Stephan Meidell har komponert eit lydbilete til barneboka om lyd. 

Del Innhald