Skip to the content

Dato: 09.02.2024

Tid: 13.30 - 14.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Kva betyr ein Nobelpris?

Då Nobels litteraturpris blei tildelt Jon Fosse, var det ikkje berre den første prisen til ein norsk forfattar på nesten hundre år. Det var også den aller største prisen nokon gong til ein forfattar som skriv på nynorsk. «Jon Fosse beviser at det kan produserast kunst på øvste nivå med dette vesle språket som nokre hundretusen av oss nyttar dagleg», skreiv til dømes journalisten Ivar Bruvik Sætre i avisa Firda.

Fosse skriv trygt på nynorsk. Men ikkje alle forfattarar har moglegheit til å skrive på sitt eige språk. I Noreg var dei samiske språka undertrykte i lang tid. I andre land går styresmaktene langt i å forfølgje ytringar på minoritetsspråk, slik tilfellet er med uigurisk i Kina.

Nynorskforfattaren Frode Grytten, den samiske forfattaren og akademikaren Saia Marilena Stueng og den uiguriske forfattaren og aktivisten Abduweli Ayup snakkar med Ingeborg Volan om kva som skjer med litteraturen om forfattaren ikkje får bruke hjartespråket, og kvifor det er viktig å kunne uttrykke seg på sitt eige morsmål.

I samarbeid med Norsk PEN.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald