Skip to the content

Dato: 09.02.2024

Tid: 18.15 - 19.00

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Krimjournalist i El Salvador

Óscar Martinez fortel i si siste bok Los muertos y el periodista (De døde og journalisten) om livet som undersøkande journalist i eit av verdas mest valdelege land, El Salvador.

I tider med politisk turbulens er det avgjerande å kunne dokumentere samtida med journalistisk integritet, ikkje minst på stader der den frie pressa blir straffa for å publisere sanninga om den politiske situasjonen. I boka fortel Martinez historia om tre fattige brør som blei drepne og skjenda, om korrupte politifolk, narkotikasmuglarar og leigemordarar.

Saman med medieleiar Kjersti Løken Stavrum vil Martinez diskutere dei etiske utfordringane han møter som journalist i El Salvador, dei kjenslemessige konsekvensane av å vere på jobb i farlege situasjonar og vanskane han står overfor når han dokumenterer kriminelle miljø.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald