Skip to the content

Dato: 10.02.2024

Tid: 14.15 - 15.00

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Korleis skrive sanninga om eit menneske

Norske Ivo de Figueiredo og sørafrikanske Jonny Steinberg er sakprosaforfattarar som utfordrar biografisjangeren ved å bruke litterære verkemiddel som ein vanlegvis ikkje finn i verktøykassa til den klassiske biografen. I boka Nelson and Winnie: Portrait of a Marriage har Steinberg gått djupt inn i livet til det mest kjende ekteparet i heimlandet. Ivo de Figueiredo har med boka Stormen: En biografi om Edvard Munch gitt seg i kast med eit tobindsverk om Noregs mest kjende målar.

Korleis jobbar dei to for å grave fram sanninga om eit kjent menneske, ikkje minst når det er skrive mykje om vedkomande frå før? I kva grad opplever forfattarane at dei blir kjende med menneska dei skildrar? Og kor langt er dei villige til å gå ­– vil dei til dømes nokon gong spekulere? Dei to anerkjende sakprosaistane møter forfattaren og journalisten Katrine Sele til samtale om sanning, løgn og nye oppdagingar i biografien.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald