Skip to the content

Dato: 08.02.2024

Tid: 20.00 - 20.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Kor god er eigentleg Sally Rooney

Irske Sally Rooney har med store romansuksessar som Normal People og Conversations with Friends (Alle andre og Samtaler med venner, begge omsette av Tiril Broch Aakre) nådd eit uvanleg breitt publikum: Unge, gamle, kvinner, menn, folk flest og i alle fall ein god del kresne kritikararar. Gjennom tv-seriar basert på bøkene har forteljingane hennar nådd endå fleire. Likevel er det nokre atterhald i mottakinga: Er romanane berre god underhaldning, eller held dei også mål ut ifrå andre kvalitetskriterium? Kva er det som gjer folk så begeistra, er det så enkelt som at Rooney skriv gode sexscener, eller er det også språklege, formmessige og filosofiske sider ved forfattarskapen som gjer bøkene verde å lese? Og ville vi i det heile problematisert dette viss ikkje forfattaren var ei ung kvinne? På LitFestBergen skal vi diskutere kor god den bestseljande Sally Rooney eigentleg er til å skrive, og med det røre ved den større samtalen om underhaldningslitteratur, kvalitet og forholdet mellom litteratur og populærkultur.

I panelet møter vi Daniel Medin, professor ved det amerikanske universitetet i Paris, skribent og redaktør, Carina Beddari, kritikar og skribent, og Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Kritikerens spøkelse.

I samarbeid med Norsk kritikarlag.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald