Skip to the content

Dato: 11.02.2024

Tid: 14.45 - 15.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Eit vestlandsliv

Alle veit kva som kan skje når ein skriv med utgangspunkt i Vestlandet. Når ein skriv om noko ein kjenner til, om noko nært. Det kan bli stor og god litteratur av det. Ja, det kan til og med ende i ein nobelpris.

Odd W. Surén og Tormod Haugland kjenner kvarandre godt frå oppveksten, og dei har begge ein variert litterær karriere bak seg. 

Odd W. Surén debuterte i 1985 og har hatt ein stor og kritikarrost litterær produksjon, både som roman- og novelleforfattar. Han har også eit omfattande verksemd som litteraturmeldar. Tormod Haugland har hatt ein stor litterær produksjon med romanar, lyrikk og essay, og han har vore leiar for Skrivekunstakademiet.

I denne samtalen mellom nordhordlendingane Surén og Haugland vil vi mellom anna gå djupare inn i kva det vil seie å vere ein vestlandsforfattar, og i likskapar og forskjellar mellom forfattarskapane deira. Brit Bildøen, rett nok frå eit stykke lenger nord på Vestlandet, leiar samtalen.

Del Innhald