Skip to the content

Dato: 11.02.2024

Tid: 15.45 - 16.15

Stad: Auditoriet

Pris: 110/80 (student)

Kjøp Billettar

Eit bleikt blått punkt. Føredrag om fotografi

Eit av dei mest kjende bilda av vår eigen planet blei tatt i 1990, av ein romsonde i ferd med å forlate solsystemet. Bildet er grovt og mørkt og skjemt av refleksstriper frå sola i optikken til Voyager 1. Men i ei av desse stripene ser vi ein bleik, lyseblå prikk. Denne prikken, dette vesle støvkornet i ein solstråle, er jorda. På fotografiet Pale Blue Dot er planeten vår redusert til berre eitt datapunkt, til mindre enn ein piksel, til lågaste teoretiske oppløysing.

LitFestBergen sin faste husfotograf, Eivind Senneset, tar publikum med seg på ei forteljing om korleis fotografi i varierande skala og detaljrikdom har påverka synet vårt på verda og latt oss å sjå oss sjølve utanfrå – tidvis på svært lang avstand.

Del Innhald