Skip to the content

Dato: 08.02.2024

Tid: 17.45 - 18.30

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Dei som slit: Ein samtale med Ingvild Rishøi

Forfattarskapen til Ingvild Rishøi kretsar rundt menneske med økonomiske problem, med psykiske problem, menneske som hamnar på skråplanet. Med nerve og med kjærleik til dei fiktive personane sine skriv Rishøi om menneske i krise frå eit tydeleg klasseperspektiv.

Rishøi debuterte i 2007 med ei kritikarrost novellesamling. I 2021 gav ho ut sin første roman, Stargate: En julefortelling, om ti år gamle Ronja sin vanskelege oppvekst i fattigdom med ein aleinefar som har alkoholproblem. I 2022 vann Rishøi Amalie Skram-prisen for dei skjønnlitterære skildringane sine av menneske som strevar.

Rishøi møter forfattaren Eivind Riise Hauge til samtale om korleis det er å skrive om dei som strevar aller mest. 

Del Innhald