Skip to the content

Dato: 10.02.2024

Tid: 13.15 - 14.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Barn i krig

Kan litteraturen hjelpe barn i krig? Den illustrerte boka Krigen som endret Rondo av det ukrainske ekteparet Romana Romanysjyn og Andrij Lesiv blei skriven som ein reaksjon på den russiske invasjonen av Krym-halvøya i 2014. Boka har blitt omsett til ei rekke språk.

Boka blei ikkje mindre aktuell då Russland invaderte Ukraina i 2022. Familiar med barn som flykta frå krigshandlingane, fekk ein ryggsekk med boka oppi som avskjedsgåve då dei kryssa grensa.

Dei to forfattarane og illustratørane ønsker å hente fram håpet om at freden ein dag vil kome. Ekteparet møter Heidi Bøhagen til samtale om korleis vi kan bruke litteraturen til å snakke med barn om krig. Det blir moglegheit til å stille spørsmål frå salen. 

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald