Skip to the content
Creative Commons

Dato: 11.02.2024

Tid: 13.15 - 14.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Avlyst: Svolten Barbiedokke. Ein samtale med Kit de Waal

Kit de Waal representerer på mange måtar arbeidarklassen i den britiske samtidslitteraturen. Med bakgrunn i strafferett og familierett skriv ho om viktige samfunnsrelaterte spørsmål.

Kit de Waal debuterte som romanforfattar i 2016 med boka My name is Leon, som mellom anna blei nominert til British Book Awards i kategorien for beste debutbok. Boka bygger på hennar erfaringar med foster- og adopsjonssystemet i Storbritannia. I 2022 kom memoarane Without Warning & Only Sometimes: Scenes from an Unpredictable Childhood, som skildrar oppveksten i England som dotter av ein immigrant frå Karibia og ei irsk, svært religiøs mor ­– ein oppvekst prega av fattigdom og uvisse.

De Waal har også fleire gonger tatt til orde for breiare representasjon i forlagsbransjen, særleg gjennom radioprogrammet Where Are All the Working Class Writers? frå 2017.

De Waal møter journalist og forfattar Katrine Sele til samtale.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald