Skip to the content

Dato: 08.02.2024

Tid: 16.30 - 17.15

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Avlyst. Forfattaren som aktivist: Ein samtale med Meena Kandesamy

Den tamilsk-indiske forfattaren Meena Kandasamy har brukt ulike sjangrar i løpet av forfattarskapen, og ho har lykkast både som poet, romanforfattar og, med den nye utgivinga Book of Desire, som omsettar. Noko som bind forfattarskapen saman, er aktivisme. Som overtydd feminist og antikasteaktivist har Kandasamy ein forfattarskap som er prega av eit ønske om å fjerne undertrykking, særleg den ho har erfaring med sjølv.

I samtale med den amerikansk-norske poeten Rasma Haidri vil Kandasamy diskutere forfattarskapen sin med utgangspunkt i dei uttrykksformene ho har valt, og dei sosiale spørsmåla som ligg til grunn.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald