Skip to the content
}

Kansellert forfattar held opningstale

Hartwig Klappert

Programmet for LitFestBergen 2024 er no klart og billettsalet har starta. Store skjønnlitterære namn som Karl Ove Knausgård, tyske Judith Hermann og den internasjonale Bookerpris-vinnaren Georgi Gospodinov frå Bulgaria gjestar festivalen.

Det gjer også Adania Shibli. Den palestinske forfattaren fekk ikkje motta ein litteraturpris under Bokmessa i Frankfurt i haust grunna krigen mellom Hamas og Israel. Under den offisielle opninga av LitFestBergen er Shibli invitert til å lese takketalen ho skulle ha halde i Frankfurt.

Årets tema er oppløysing – der vi legg vekt på suffikset -løysing. Kva for oppløysingstendensar ser vi i verda i dag? Og korleis kan litteraturen spele ei rolle for å finne løysingar både for det enkelte menneske og for dei store problema i verda i dag?

Norsk-franske Eva Joly vil treffe den nigerianske aktivisten, arkitekten og poeten Nnimmo Bassey til samtale om korrupsjon og olje i Noreg og Nigeria. Årets utgåve av den faste programposten Verda på laurdag, leia av Kjersti Løken Stavrum, vil ha utvidinga av BRICS-landa som tema, med Julie Wilhelmsen, Gunnar Sørbø og Elisabeth Eide i panelet.

Frå El Salvador kjem den prisvinnande journalisten Oscar Martínez, og frå Sør-Afrika Jonny Steinberg som vil diskutere sanning i biografien med Ivo de Figueiredo. Frå Ukraina kjem forfattarparet Lesiv Andriy og Romana Romanyshyn og frå USA Nora Krug med teikneseriedokumentaren Diaries of War.

Jon Fosse, Erlend Loe, Frode Grytten

I 2022 skreiv Jon Fosse eit høyrespel på oppdrag frå LitFestBergen. To gonger under årets festival får publikum moglegheit til å høyre stykket Leika leiken, det aller nyaste Jon Fosse har skrive.

Andre norske forfattarar på årets festival kjem mellom andre Erlend Loe, Ingvild Rishøi, Torbjørn Røe Isaksen, Frode Grytten, Brit Bildøen, Pedro Carmona-Alvarez, Priya Bains, Ruth Lillegraven, Erlend Nødtvedt, Tormod Haugland, Odd W Surén, og Morten Traavik.

Det blir litterært stemnemøte mellom Herborg Kråkevik og Trond-Viggo Torgersen leia av Mona B Riise, det blir poetisk punkgalla, NM i slam, feiring av kinesisk nyttår, dans, pop-poesi, klimalitteratur, science fiction, kollektivskriving, teater, og vi får smakebitar av språka tamilsk, zulu, grønlandsk, tysk, spansk, engelsk, fransk, bulgarsk, ukrainsk og samisk.

NRK gjer også opptak og sender direkte frå festivalen, med publikum i salen.

Og dette er berre ein del av programmet.

LitFestBergen har kvart år hatt samisk litteratur på programmet. I samarbeid med Litteraturhuset og Kritikarlaget arrangerer vi dette året eit seminar om kritikk av samisk litteratur, som opnar med eit føredrag av Harald Gáski berekna på eit norsk og eit internasjonalt publikum: Introduksjon til samisk litteratur. Vi forventar både festivalsjefar og journalistar frå fleire land til årets festival.

Rikt ungdomsprogram

LitFestBergen har som tidlegare år eit rikt program for ungdom, der ungdom sjølve står for intervjua på scenen på Litteraturhuset. Dei vil òg dele ut litteraturprisen Gullkroken til ein av forfattarane. LitFestBergen har også starta ein utvekslingsavtale med festivalen Time of the Writer i Sør-Afrika, og under festivalen vil vinnarane av skrivekonkurransen vi har arrangert i samarbeid med UiB/Bjerknessenteret og Raftostiftelsen – der vi fekk inn bidrag frå heile 119 ulike land! – offentleggjerast.

Vi avsluttar årets festival med programposten «Frå oppløysing til løysing». Kan vi forlate årets festival klokare og meir optimistiske på vegner av litteraturen og verda?

Del Innhald