Skip to the content
Maja Hattvang

Dato: 10.02.2023

Tid: 16.00 - 16.45

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Å stå i stormen

Journalist og forfattar Ingeborg Senneset er ein uredd og meiningssterk deltakar i samfunnsdebatten, der ho i aviser, på TV, radio og podcaster og kanskje særleg gjennom sosiale medium går i rette med nettroll. Senneset har også vore open om at ho i mange år har hatt anoreksi, og gav nyleg ut boka Ordbok for overlevelse, der ho gir råd til unge – unge som kanskje strevar med dårleg sjølvbilete og sjølvkjensle. Senneset veit at kvar gong ho ytrar seg – om det er om vaksinar, psykisk sjukdom eller ytringsfridom –, vil ho bli møtt med rasande hets. Korleis er det å stå i slike stormar? Kva strategi legg ho opp til for å orke å ta kampane? Senneset møter den profilerte programleiaren og journalisten Hilde Sandvik, sjølv ein sterk meningsytrar, til samtale.

Etter samtalen blir det tid til spørsmål frå salen.

Del Innhald