Skip to the content

Dato: 10.02.2023

Tid: 20.30 - 21.15

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Rivalisering på og utanfor bana

I boka Red on Red skriv sportsjournalistane Phil McNulty og Jim White om kvifor innbyggarane i byane Liverpool og Manchester misliker kvarande på kryss og tvers av generasjonar, klasse, kjønn og etnisitet.

Denne konflikten er i stor grad driven fram av rivaliseringa mellom fotballklubbane Manchester United og Liverpool FC, og gjennom ti legendariske fotballkampar og møte både med veteranar som Alex Ferguson, Kenny Dalglish, Steven Gerrard og Gary Neville og med tilhengarar, dommarar og ei rekke andre involverte får vi innblikk i korleis og kvifor konflikten har utvikla seg.

Phil McNulty frå Liverpool og Jim White frå Manchester har samarbeidd om boka, og dei møtest til samtale med journalist og fotballentusiast Davy Wathne.

Etter samtalen, som vil vere på engelsk, blir det tid til spørsmål frå salen.

Del Innhald