Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 18.30 - 19.15

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Før kroppen blir til støv

Alle fryktar det uunngåelege – alderdom, forvitring og død. Men kva skjer eigentleg i kroppen når vi blir gamle? Og kva kan vi gjere for å forseinke utviklinga?

Det har gått førti år sidan serien "Kroppen" blei vist på NRK, ein serie der Trond-Viggo Torgersen fortalde barna litt for mykje om kroppen, medan foreldra raudna. Hausten 2021 gav han ut boka Kroppen for voksne, som også blei ein stor suksess, noko som tyder på eit stort behov for helseopplysning.

Trond-Viggo Torgersen møter den litt yngre journalisten Kari Slaatsveen til samtale.

Del Innhald