Skip to the content
}

Skuleprogram LiFestBergen 2022

Eivind Senneset

LitFestBergen arrangerer eit eige festivalprogram for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med skuleprogrammet er å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom, gjennom å ta opp emne som engasjerer dei og som betyr noko i kvardagen deira.

Vi har med oss dei tverrfaglege temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling) når vi formar programmet. Elevane vil få høve til å intervjue forfattarane på scena på Litteraturhuset. Dersom de har behov for leseeksemplar kan de kontakte amanda@litfestbergen.no

Skuleprogrammet går over tre dagar, frå 8. til 10. februar på Litteraturhuset i Bergen.

Vi har delt programmet inn i tre bolkar:

  • Rasisme og identitet: korleis finne sin plass
  • Ytringsfridom og polarisering: 22. juli og tankegodset bak
  • Natur og klima: himmelen og jorda

Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Arrangementa skjer parallelt to og to, med to samanhengande seansar over to timar. Ein må derfor melde seg på to minst to programpostar om gongen (med unntak av Stjernestøv med Jon Larsen). 

Vi har fleire rom som kan brukast, med ulike inngangar på gateplan, og dermed kan fleire kohortar vere på huset samtidig utan å vere i kontakt, skulle pandemisituasjonen tilseie det.

Rasisme og identitet

Korleis driv ein med filosofi, og kvifor er det relevant? Filosof Einar Duenger Bøhn, som er aktuell med boka Meningen med livet, vil halde føredrag for elevane. 

Nils Øyvind Haagensen har med boka Sangria i parken satt fokus på grenser for overskridande oppførsel. Kvar går grensa mellom flørt og seksuell trakassering? 

Den amerikanske forfattaren og aktivisten Rebecca Hall har børsta støv av ein ukjend del av amerikansk historie og skrive boka Wake: The hidden history of women-led slave revolts.

Anne Bitsch kom i år ut med boka Brorskapet, om drapet på 15-år gamle Benjamin Hermansen i 2001. Ho rettar søkelyset mot radikaliseringa og den militante nasjonalismen som lå til grunn for hendinga, men òg mot ei ufullstendig etterforsking og sviktande oppfølging av rasistisk vald i Noreg.

Ytringsfridom og polarisering

Kva skjedde eigentleg på Utøya og i regjeringskvartalet, og korleis kunne noko slikt hende? Med La oss snakke om 22. juli vil Thomas J. R. Marthinsen hjelpe barn og unge med å få svar på det dei lurar på.

Ingen mann er en øy tar føre seg gjenreisinga av Utøya etter 22. juli. Jørgen Watne Frydnes er i dag dagleg leiar av øya, og i boka skildrar han korleis det er å prøve å skape noko meiningsfylt ut av det meiningslause.

Kva utfordringar står unge overfor når dei skal ytre seg, og korleis kan dei påverke det offentlege ordskiftet? Kva gjer sosiale medium med ytringsrommet? Ungdommens ytringsfrihetsråd har utvikla ein interaktiv sceneproduksjon for VGS-elevar.

Øyvind Strømmen har skrive boka Giftpillen. Konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft. Her viser han korleis konspirasjonsteoriar truar samfunnsdebatten og sosiale relasjonar, og at dei ikkje er noko vi berre kan le bort. 

Natur og klima  

Anja Bakken Riise er leiar for Fremtiden i våre hender. I boka Mitt klimaregnskap ser ho på kva ein konkret kan gjere for å minske eige klimaavtrykk.

Byen er full av bilar og bussar, støv, ståk og menneske. Men biologen Hanna Bjørgaas har òg sett noko anna i byen – eit yrande dyreliv. I boka Byens hemmelige liv tar ho lesaren med på ein tur til naturen i byen.

Verdsrommet er ein støvete stad. Mellom stjerner, planetar, kometar og meteoritter er det fullt av kosmisk støv – mikrometeorittar. Kvar dag fell hundre tonn av dei ned på jorda. Jon Larsen fann ein metode for å finne dette støvet og har skrive boka Stjernejeger om det.

 

 

Har du spørsmål om skuleprogrammet? Skriv til amanda@litfestbergen.no.

Trykk under riktig navn
Trykk under riktig navn
Trykk under riktig navn
Trykk under riktig navn
Trykk under riktig navn
Trykk under riktig navn
Del Innhald