Skip to the content
Heidi Furre

Dato: 06.02.2020

Tid: 09.15 - 10.00

Stad: Auditoriet

Ungdomsprogram: Mor mi og eg

I 2017 tok 593 menneske sitt eige liv i Noreg. Ei av desse var mor til forfattar Tiril Broch Aakre. Kvifor vel nokre av oss å forlate livet? Er det noko ein kan gjere for å hindre at det skjer? Og korleis kjennest det for dei som sit att?

I romanen Mødre og døtre fortel Broch Aakre om kva som skjedde da mor hennar døydde. I denne samtalen med elevar frå Rothaugen ungdomsskole, vil ho prøve å svare på spørsmål om det som kanskje er det vanskelegaste av alt.   

Lukka arrangement for inviterte ungdomsskuleelevar.

Samtalen vil vere på norsk, og blir også halde i Olav H. Hauge 10.15.

Del Innhald