Skip to the content

Dato: 07.02.2020

Tid: 13.00 - 15.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 150

Kjøp Billettar

Seminar: Sørafrikansk litteratur og kritikk

Kva betydning får eit omgrep som sanning i eit land der makta har tilhøyrt nokre få på kostnad av dei mange? Kritikar og akademikar ved University of Cape Town, Hedley Twidle, er aktuell med boka Experiments with Truth, der han undersøker den sterke posisjonen til narrativ sakprosa i Sør-Afrika. 

I dette foredraget vil Twidle diskutere utviklinga i sørafrikansk skjønnlitteratur, sakprosa og litteraturkritikk etter apartheids fall i 1994. Etter foredraget blir det opna for spørsmål frå salen, leia av litteraturforskar Tonje Vold. 

Kritikarar får gratis inngang, og kan reservere plass ved å melde seg til info@litfestbergen.no. 

Seminaret vil vere på engelsk.

Del Innhald