Skip to the content
}

Tilga Nelson Mandela for lett?

Publiseringsdato:

14.10.2019

Mens professor Njabulo Ndebele ivaretek arven etter Mandela, er mange unge sørafrikanarar, som poet Koleka Putuma, kritiske til ideen om ein "regnbogenasjon". I februar kjem dei begge til Bergen internasjonale litteraturfestival.

I dag slepper LittfestBergen dei første namna til neste års festival, som blir arrangert 6. - 9. februar 2020 på Litteraturhuset i Bergen. Med fire framståande forfattarar frå Sør-Afrika kan vi love eit sterkt program knytt til dette landet si dramatiske historie og særeigne litterære tradisjon, i dagane like før 30-års jubileet for Nelson Mandela si frigjering, den 11. februar. 

Mandelas arv

Som leiar av The Nelson Mandela Foundation er professoren, essayisten og romanforfattaren Njabulo Ndebele (f. 1948) mellom dei viktigaste ivaretakarane av arven etter Mandela i dag.

Han høyrer til ein generasjon sørafrikanarar som vaks opp med apartheid, og opplevde opphevinga av denne i 1994 som eit mirakel. Den forsonande linja som Nelson Mandela la seg på i etterkant av opphevinga blir rekna som den viktigaste grunnen til at ein unngjekk borgarkrig i Sør-Afrika.

Den unge poeten Koleka Putuma (f. 1993) høyrer til ein generasjon sørafrikanarar som har vekse opp utan apartheid. Likevel er mange i denne "born free"-generasjonen svært sinte. Dei meiner at Mandela og dei som støtta han tilga for raskt, og for lett.

Med sine konfronterande dikt og sterke scenepersonlegdom har Koleka Putuma raskt blitt både ei berømt og anerkjend stemme for unge sørafrikanarar, og deira draum om ekte forandring i heimlandet. 

Overraskande historier

Vi er glade for å kunne ønske begge desse forfattarane velkomne til LittfestBergen i 2020, saman med deira landsmenn, sakprosa-forfattaren og Oxford-professoren Jonny Steinberg (f. 1970) og akademikar ved University of Cape Town og kritikar Hedley Twidle (f. 1980).

Steinberg har i ei rekke narrative sakprosautgivingar utforska vanlege sørafrikanarars liv under overgangen frå apartheid til demokrati. Både Steinberg og Ndebele er blant forfattarane omtala i Hedley Twidles ferske bok om sørafrikansk samtidslitteratur. Twidle kjem til festivalen for å halde seminar for norske kritikarar.  

Del Innhald