Skip to the content
}

Store norske historieforteljarar til LitFestBergen

Magnus Stivi/Frøydis Urbye

Latter, innsikt og overrasking gjer at folk framleis set pris på gode romanar, seier Lars Saabye Christensen. Han og Ketil Bjørnstad er blant dei norske historieforteljarane som kjem til LitFestBergen.

- Gjenkjenninga, det å kunne sjå seg sjølv med andre sitt blikk, trur eg er ein viktig grunn til at det har verdi for folk å lese romanar, fortel Lars Saabye Christensen, som med Byens spor-trilogien nok ein gong markert seg som ein av Noregs største romankunstnarar. 

- Andre element som er viktige er latteren, innsikta og overraskingane ei god lesaroppleving kan romme, seier Christensen.

For hans eigen del er det kjensla av balanse og tilfredsheit som skrivinga gir, som gjer at den folkekjære forfattaren stadig skaper nye verk. Sidan han debuterte i 1976 har Christensen gitt ut over femti bøker, og blitt utnemnt både til kommandør av St. Olavs orden og ridder av den franske L’ordre des Arts et Lettres. Trass i desse anerkjenningane utanom det vanlege har forfattaren stor sans for det ordinære, som LitFestBergen denne gongen vil utforske med festivaltemaet kvardag.

- Alminneligheita er ein underkjent luksus, meiner Christensen. 

Vi er svært glade for å kunne ønske han velkommen til festivalen i februar, der han mellom anna vil samtale med Alf van der Hagen, forfattar av ei rekke kritikerrosa samtalebøker som Dag Solstad. Uskrevne memoarer.

Vi er også glade for å kunne dele nyheita om at Ketil Bjørnstad kjem til Litteraturhuset i Bergen i februar. I tillegg til å vere ein svært anerkjent musikar er Bjørnstad blant våre mest leste samtidsforfattarar, mellom anna kjent for sitt unike romanprosjekt Verden som var min. Samtalen med Bjørnstad vil bli moderert av ein annan kritikarrosa romanforfattar, Selma Lønning Aarø

Skarp og underhaldande forteljekunst

Alt no kan du kjøpe festivalpass for å sikre deg møte med fleire av våre fremste roman- og novelleforfattarar.

På LitFestBergen 2020 kan du treffe Marit Eikemo, som er kjent for dei fleste som ein skarp observatør av det norske samfunnet både i romanar, essay og den nylig utgitte novellekransen Hardanger.

Du vil også kunne møte ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, Frode Grytten, som har skrive bøker i dei fleste sjangrar og fått eit stort publikum. Grytten er aktuell med Landet bortanfor landet. Område 51.

Til Bergen kjem også Tiril Broch Aakre, forfattar av kritikerroste Mødre og døtre, ein roman om sjølvmord og det å vere pårørande, Jens M. Johansson som er aktuell med boka Lavterskeltilbod der forfattaren Adam Berg set seg fore å skrive den ultimate arbeiderklasseromanen, og Pedro Carmona-Alvarez, ein anna av Noregs fremste historieforteljarar, som i haust er ute med essaysamlinga Refrenger.

Sikre deg festivalpass til early-bird pris her. Velkommen til Bergen internasjonale litteraturfestival, 6.–9. februar 2020 på Litteraturhuset i Bergen.

Del Innhald