Skip to the content
}

Samisk litteratur: No kjem kvardagen

Paul S. Amundsen

Publiseringsdato:

29.10.2019

Kva for spor har samane si historie som undertrykt minoritet sett i den samiske litteraturen? Og i kva retning skal den unge, samiske litteraturen gå no?

Når den andre utgåva av LitFestBergen opnar på Samefolkets dag den 6. februar, står samisk litteratur – og samisk kvardag – høgt på dagsorden.

Eit av hovudnamna på årets festival er det 29 år gamle stjerneskotet Niillas Holmberg, som oppgir å vere frå «Sápmi, okkupert av Finland». Trass sin unge alder har han allereie motteke prisar og blitt omsett til fleire språk. I tillegg til å vere poet, skodespelar og musikar, har Holmberg engasjert seg sterkt i kampen for rettferd for urfolk.

- Poesien min er eksplisitt politisk, fortel han. - Eg søker å setje ord på det som framleis blir undertrykt i strukturane til majoritetssamfunnet og dei politiske avgjerdene som blir tekne, særleg saker som har med det samiske og med miljøet å gjere. 

Skriv om Kautokeino-opprøret

Også norsk-samiske Risten Sokki, som har skrive både dikt, noveller og barnebøker, kjem til Bergen i februar. I debutsamlinga si Bonán bonán soga suonaid / Jeg tvinner tvinner slektas sener, som blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1998, skriv ho mellom anna om oldefaren, Aslak Jacobsen Hætta, som var ein av leiarane under Kautokeino-opprøret i 1852. Den nyaste novellesamlinga hennar, Steinfuglen, er for tida under omsetjing frå nordsamisk til norsk ved Laila Stien, ein av landets fremste novelleforfattarar, som òg kjem til LitFestBergen. Sigbjørn Skåden, som skriv på både samisk og norsk, er også eit namn festivalen er spesielt glad for å kunne presentere i dag.

Utstillingssamane

Det er ikkje lenge sidan samane blei sett på som naturlege objekt på utstilling. Men stemmer den einsidige framstillinga av dette som ein undertrykkande praksis med korleis dei omreisande samane sjølv opplevde det? Forskar og forfattar Cathrine Baglo har fått mykje merksemd for si bok om utstillingssamane, og kjem til LitFestBergen for å halde eit foredrag med utgangspunkt i boka.

Arbeidet med den regjeringsnedsette sannings- og forsoningskommisjonen for samane, kvenane og norskfinnane, er i gang. Men kva skal eigentleg til for å gjenreise tillit mellom folk etter fleire hundreår med konflikt og undertrykking? Og kva rolle kan litteraturen spele i ein slik prosess? Harald Gaski, professor i samisk kultur og litteratur ved Samisk høgskole i Kautokeino, kjem til LitFestBergen for mellom anna å møte den sørafrikanske litteraturprofessoren Njabulo Ndebele til samtale om jussen og kunsten si rolle i forsoningsarbeidet.

Del Innhald