Skip to the content
}

- Samar har fått nok av å vere objekt

Den prisløna novelleforfattaren Laila Stien har teke eit medvite val om å ikkje bruke kjennskapen sin til det samiske i eigen litteratur. I februar kjem ho til LitFestBergen.  

Sidan debuten i 1979 har Laila Stien (f. 1946) først og fremst utmerka seg som novellist, med ti kritikarroste samlingar som har blitt omsette til fleire språk. Men den Finnmarksbaserte forfattaren har også gitt ut diktsamlingar, romanar, og barnebøker, som ho har fått mange utmerkingar for. I tillegg har ho blitt utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Tromsø for arbeidet sitt med omsetjing og formidling av samisk litteratur. 

– Vi har invitert deg til Bergen først og fremst på grunn av den glitrande novellekunsten din, men også på grunn av det store og viktige arbeidet du har gjort med å omsetje samisk litteratur til norsk. Kva har det samiske språket og den samiske kulturen hatt å seie for din eigen forfattarskap?

– Eg ser eigentleg på arbeidet mitt som forfattar som hovudsaklig sprunge ut av impulsar frå eigen bakgrunn - ein nordnorsk, folkelig bakgrunn. Det er der eg har det språklige og kulturelle grunnlaget mitt, identiteten min. Eg byrja å studere samisk språk då eg var 24 år, men har teke eit medvite val om å skrive ganske lite basert på kjennskapen min til det samiske. Samar har lenge gitt uttrykk for at dei har fått nok av å vere objekt for andre sine skildringar av dei. Noko har eg likevel skrive, inspirert av den kulturen eg levde tett innpå i over 20 år, og framleis har nær kontakt med.

– Kva er den største utfordringa når ein skal omsetje samiske tekstar til norsk?

–Det er mange utfordringar. Samisk er eit finsk-ugrisk språk som er veldig forskjellig frå vårt eige. Ei særeigenheit i samisk er det veldig høge presisjonsnivået. Verb, for eksempel, uttrykker ikkje berre handlinga, men også måten handlinga føregår på: brått eller langsamt, ein gong eller fleire, kort eller over lengre tid. Berre med ei lita endring i verbendinga får ein uttrykt noko ein på norsk treng ei heil setning til. Slike ting er kinkige, ein vil jo gjerne oppretthalde noko av stramheita til originalen. Og så er det jo kulturspesifikke ting da, ulike handlingar eller former for handverk, som vi ikkje har noko tilsvarande til på norsk. Skjønt dette vil vel gjelde omsetjing frå andre kulturar også.

– For alle oss som ikkje kjenner den samiske litteraturen særskilt godt: Kva finn ein her, som ikkje finst nokon annan stad?

– Forankringa i samisk åndelig og materiell kultur er ein sterk basis i det meste som blir skrive. Det var sånn i dei første skjønnlitterære tekstane som blei skapt på samisk, og det er det framleis. Forfattarane har noko eige, heilt genuint, dei er medvitne om det og det set sitt spesielle preg på litteraturen deira. Samane si historie som etnisk og undertrykt minoritet kjem sjølvsagt også til uttrykk i skjønnlitteraturen. I litteraturen for barn er til dømes samiske eventyr, myter og segn sterkt representerte.

Del Innhald