Skip to the content
}

Løftar fram sakprosaen

Publiseringsdato:

08.12.2019

I februar kjem ei rekke norske sakprosaforfattarar til LitFestBergen. – Vi satsar på sakprosa fordi det finst så mykje bra, som formidlar eit interessant innhald i tillegg til å vere god litteratur, seier festivalsjef Teresa Grøtan.

Mens programmet på mange litteraturfestivalar primært løftar fram skjønnlitteraturen, har LitFestBergen valt å gje sakprosaen like mykje rom. I følgje festivalsjef Teresa Grøtan er det fleire grunnar til å fokusere på denne sjangeren -  inkludert at sakprosa lenge har falle utanfor det ein reknar som «skikkelig» litteratur. Men det er ikkje hovudårsaken til at LitFestBergen har valt å gje god plass til sakprosaforfattarar på programmet:

- Det er fyrst og fremst fordi det blir skrive veldig mykje bra og spennande sakprosa, både i Noreg og internasjonalt, fortel Grøtan, og utdjuper:

- Og då meiner eg ikkje berre bra og interessant innhald, men bra litteratur.

Frå kommunereform til surrealisme

I dag er vi glade for å presentere mange av dei norske sakprosaforfattarane som skal delta på LitFestBergen 2020. Spennet er stort, frå Jens Kihl si humoristiske framstilling av kommunereforma sine konsekvensar, til Susanne Christensen si reise i fotspora til den surrealistiske kunstnaren Leonora Carrington, eller Ingrid Brekke si kritikarroste bok om nyare polsk historie.

Sakprosaen er ein sjanger som rommar svært mykje, alt frå kokebøker til krysninga mellom sakprosa og poesi i Espen Stueland si siste utgjeving.

- Eg har lyst til å ramse opp døme på døme av sakprosaforfattarar, både dei norske og dei internasjonale, seier Grøtan.

- Men kom heller og opplev mangfaldet sjølv på festivalen!

Under kan du lese meir om dei mangfaldige utgjevingane til dette knippet av norske sakprosaistar:

Del Innhald