Skip to the content
}

Etter opprøret blei det stille

Lars Jacobsen Hætta var ein av fem som vart dømt til døden etter Kautokeino-opprøret. I motsetning til broren Aslak, som var Risten Sokki sin oldefar, blei han benåda. Sophus Tromholt

Oldefaren til den samiske forfattaren Risten Sokki var berre 30 år då han vart halshogd i etterkant av Kautokeino-opprøret. Den traumatiske familiehistoria pressa seg fram i hennar fyrste diktsamling.

Risten Sokki (f. 1954) debuterte som forfattar i 1998, med diktsamlinga Bonán bonán soga suonaid / Jeg tvinner tvinner slektas sener, som blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Sidan då har ho gitt ut lærebøker, barnebøker og seinast ei novellesamling, Geadgeloddi, som kom ut i år. Sokki kjem til LitFestBergen frå sitt daglige virke som lærar i Kautokeino, ein stad som for hennar del rommar mykje vond slektshistorie.

– I den første boka di skriv du mellom anna om oldefaren din, Aslak Jacobsen Hætta, som var ein av leiarane under Kautokeino-opprøret i 1852. Kvifor var det så viktig for deg å setje dine eigne ord på denne historia?

Etter opprøret blei det stille. Straffene var harde, leiarane blei halshogde og mange blei sendt på tukthus, der nokre døydde. Dei yngste var berre 15-16 år gamle då dei blei dregne inn i dramaet. Fordømminga var i etterkant var stor, «sinnsforvirring» og «mordarar» var mellom orda som blei brukt. Dei slektene det gjaldt levde både med skamma og med såra etter tap av ektemenn, mødrer, søner og døtrer. Det var vanskelig å snakke om dette i heimane, og heilt utelukka i offentligheita. Etter 1970-åra byrja samisk historie å komme fram frå skuggane. Då eg jobba med diktsamlinga tvang det seg berre fram, eg kom ikkje utanom. 

– Går det an å vere samisk forfattar utan å forhalde seg til samane si historie som undertrykt minoritet?

Når eg skriv, tenker eg ofte på at eg skriv eit språk som norske myndigheiter brukte store ressursar på å forsøke å utslette. Når eg skriv noveller, så tenker eg nokre gongar på om liva til personane i fiksjonen hadde romma andre moglegheiter dersom dei eg skreiv om hadde høyrt til i majoritetsfolkesetnaden. Men, det er ikkje slik at eg i det daglige har fokus på at eg tilhøyrar ein minoritet som har vore utsett for ein stygg fornorskingshistorie, og det er heller ikkje slik at eg først og fremst har dette i tankane når eg skriv. På ei anna side så er jo også eg eit produkt av det som har vore. 

– Historie er også eit av fleire tema i den nye novellesamlinga di Geadgeloddi, som er under omsetjing til norsk. Korleis vil du skildre denne boka?

Novellesamlinga inneheld ti noveller. Tematikken er henta frå livet, det som alle kulturar har felles, det handlar om kjærleik, glede, sorg, hat, overgrep, svik og omsorg, også i Sápmi. Historiene er lagt både til notida og til tidligare tider. Eg likar kontrastane mellom det som er og det som har vore.

Del Innhald