Skip to the content
}

- Det syriske folket har blitt svikta

Yamam Al Shaar

Den syriske forfattaren Khaled Khalifa (f. 1964) er finalist i National Book Award med romanen Death is Hard Work, og bur i Damaskus, etter å ha blitt tvunge på flukt frå krigshandlingane i heimbyen Aleppo. I februar kjem han til Bergen for å snakke om kvardagen i Syria og kva for rolle litteraturen kan spele i verdas konfliktsoner.

– Tema for årets festival er ”kvardag”. Korleis vil du beskrive kvardagen for ein forfattar i Damaskus i dag?

– Vi forventa at kvardagen skulle vende tilbake til det den var før krigen braut ut. Men sjølv om bombarderinga og militæroperasjonane har teke slutt, er ingenting forandra: alt i dette landet er akkurat slik det var under krigen. Venting og forventningar rundt det som skal kome tek opp det meste av kvardagen. Kva gjeld mi eiga skriving, er eg framleis i eksil frå heimbyen min, og der eg bur no har eg enno ikkje funne ein god kafé der eg kan arbeide.

– Kva for rolle kan litteraturen spele når eit land skal byggast opp etter krig?

– Eg trur ikkje at verken litteraturen eller litteraturen si rolle endrar seg. Men i tilfelle som det syriske er det avgjerande at dei undertrykte si forteljing må vinne. Svært mange sine historier og forteljingar kjem til å forsvinne, mens narrativet som ligg klart – narrativet som er tilgjengeleg for verda, men som likevel ikkje er sant – overlever. Den sanne historia er at det syriske folket ville frigjere seg, men at heile verda, frå USA til Russland, frå Europa til Iran og Saudi-Arabia, nedkjempa dette forsøket, og konspirerte mot det.

– Kva forventningar har du til LittfestBergen og besøket ditt i Norge?

– Eg elskar Noreg og er svært glad i å treffe venner, og denne festivalen er ein glimrande anledning til å gjere nettopp det. Eg ønsker denne festivalen alt godt.

Del Innhald