Skip to the content
}

– Det beste er når vi er ueinige

Torsdag 7. november er det klart for ny lesesirkel, om romanen The Cry of Winnie Mandela. Vi har snakka med dei faste deltakarane Jacob (30) og Lone (46), om kvifor dei synest det er verdt å vere med.

På LittfestBergen sin engelskspråklege lesesirkel, leia av Kari Jegerstedt, les ein eit utval av dei internasjonale forfattarane som skal gjeste festivalen 6. – 9. februar. Vanlegvis møtest lesesirkelen i Fossestova, men den kvelden vi er innom finn møtet stad i Zinken Hopp-rommet.

Her sit ei lita gruppe menneske med ulik alder og bakgrunn samla for å diskutere ei ny bok. Blant dei er Lone og Jacob, som har vore med sidan lesegruppa blei starta opp i fjor haust. Dei innrømmer begge at dei sidan oppstarten av lesesirkelen har byrja å høyre Kari si stemme hovudet medan dei les.

Denne kvelden er det palestinske Raja Shehadeh si bok Going Home som skal diskuterast. Boka er eit memoar om livet i byen Ramallah i det okkuperte Palestina. Kari er imponert over at Shehadeh, som òg er advokat og grunnleggjaren av  menneskerettsorganisasjonen Al-Haq, kjem til Bergen i februar.

Festivaloppvarming

Lone er ein dedikert lesar frå Stavanger, og er med på fleire av lesesirklane som arrangerast på Litteraturhuset. Ho har nyleg begynt å studere igjen, og er relativt ny i Bergen. Ho trekk fram det sosiale, og verdien av ein god diskusjon, som ein del av motivasjonen for å gå på lesesirkelen.

– Eg les mykje, og særleg på engelsk, og synest det er gøy å forberede meg til festivalen gjennom lesesirkelen. Kari er veldig flink til å leie diskusjonen, og ho evnar å heve nivået på samtalen. Det er eit stimulerande miljø, med hyggelege folk.

Ho synest dei har god stemning på møta, og anbefaler gjerne lesesirkelen vidare til andre.

– Eg er ny i Bergen, og kjenner ikkje så mange, men har blitt kjend med ein del gjennom lesegruppene. Det synet eg er fint. Og så var det veldig kjekt da vi gjekk saman på festivalen i februar!

Mangfald i sjangrar og nasjonalitetar

Jacob kjem frå England, og jobbar på den internasjonale skulen i Bergen. Han er også fast deltakar på lesesirkelen. Han trekker fram mangfaldet i sjangrar og forfattarnasjonalitetar som positive trekk ved lesesirkelen.

– Eg likar det mangfaldige utvalet av bøker, og nyt diskusjonen. Eg er glad for at vi les bøker i ulike sjangrar, det tvingar meg ut av komfortsona. Eg meiner at lesesirkelen er ein viktig del av Litteraturhuset sitt tilbod til det internasjonale fellesskapet i Bergen, og at dei internasjonale innbyggarane burde bli gjort meir oppmerksame på den.

– Kva likar du best med lesesirkelen?

– Eg likar spesielt godt når vi er ueinige, når folk diskuterer med lidenskap kva dei likar og mislikar. Eg synest det er dei beste øktene. Vi hadde også forfattarmøter for deltakarane i lesegruppa i løpet av festivalen. Det bidrog til å gjere festivalen meir engasjerande og spesiell. 

Neste lesesirkel om Njabulo Ndebele

Neste lesesirkel går av stabelen torsdag 7. november, og tek føre seg romanen The Cry of Winnie Mandela, skriven av styreleiaren i Nelson Mandela Foundation, professor Njabulo Ndebele. Romanen, som kom ut i 2003, blei av nobelprisvinnar Nadine Gordimer skildra som "A work of extraordinary originality and imaginative power". På ein nyskapande måte tek den føre seg skjebnen til dei ventande kvinnene i Sør Afrika. Les meir om kva forfattaren, som kjem til LittfestBergen 6. – 9. februar, har å seie om boka her 

Vil du bli med på med på lesesirkelen til LittfestBergen? Det er heilt gratis, og det einaste kravet er at deltakarane snakkar og forstår engelsk. For å melde deg på kan du sende ein e-post til: lesesirkel.littfestbergen@litthusbergen.no

 

Del Innhald