Skip to the content
}

Øyehaug: - Mary Ruefle er unik

Helge Skodvin/Matt Valentine

Publiseringsdato:

14.10.2019

Nokre plasserer den amerikanske poeten og essayisten Mary Ruefle i selskap med forfattarar som Anne Carson og Maggie Nelson. Men for bergensforfattar Gunnhild Øyehaug er Ruefle noko heilt for seg sjølv.

Mary Ruefle (f. 1952) debuterte som forfattar i 1982, og har sidan gitt ut ei rekke bøker i fleire sjangrar. Ho har fått fleire prisar for arbeidet sitt, og underviser ved Vermont College of Fine Arts. Sjølv om det først og fremst er som poet ho er kjent, mellom anna for My Private Property (2016), var det essaya som gjorde at den bergensbaserte forfattaren Gunnhild Øyehaug (f. 1975) oppdaga henne.

- Gunnhild Øyehaug, som medlem i kunstnarisk råd har du vore ein entusiastisk pådrivar for at nettopp Mary Rufle skulle bli invitert til festivalen. Kva er det med bøkene hennar som engasjerer deg slik?

- Det er ikkje ofte eg snublar over eit essay av ein forfattar på nett og deretter nesten spring til PC-en (eller rettare sagt; blir sittande ved den) og bestiller heile forfattarskapen, alt eg kan finne, og byrjar å lese, og finn at alt, alle tekstane, om det så er dikt, kortprosa eller essay, er like overraskande, innsiktsfulle, kloke, generøse, morosame og fullstendig omsynslause samtidig. Eg vil gjerne at fleire skal få gleda av å lese henne.

- I USA er Ruefle mest kjend som poet, men ho skriv også prosa. Kven kan ho samanliknast med?

- Eg veit ikkje, og det er eit godt teikn. Folk har til dømes plassert henne saman med Anne Carson og Maggie Nelson, og den glimrande forfattaren Jenny Offill har blitt inspirert av henne (det trur eg også Nelson har blitt). Men ho er meir unik enn samanliknbar.

- Her på festivalkontoret har vi falt i stavar over Ruefle sine godt over gjennomsnittlege sjarmerande og intelligente e-postar. Dette ligg an til å bli eit festivalbesøk heilt utanom det vanlege?

- Eg er overtydd om at dette blir fantastisk. Eg er så glad på det bergenske festivalpublikummet sine vegner for at ho kjem!

(P.S. Les også Øyehaug sitt essay om Mary Ruefle i det nyaste nummeret av tidsskriftet Vinduet!)

Del Innhald