Skip to the content
}

Raja Shehadeh

Raja Shehadeh (f. 1951, Palestina) er ein palestinsk forfattar, advokat og politisk aktivist, som av avisa The Observer har blitt kalla “Palestine’s greatest prose writer”. 

I 1979 spela han ei viktig rolle for grunnlegginga av den ikkje-statlege organisasjonen Al-Haq, som har motteke ei rekke prisar for arbeidet med å verne menneskerettane i dei okkuperte palestinske landområda.

Bøkene hans har blitt møtt med brei internasjonal anerkjenning: Palestinian Walks (2007) fekk Orwell-prisen for politisk litteratur. Saman med kona Penny Johnson (som også deltek på LitFestBergen 2020) redigerte han Seeking Palestine: New Palestinian Writing on Exile and Home, som fekk hovudprisen i Palestine Book Awards 2013.

I 2019 gav han ut Going Home, ei memoarbok og ein elegi for Ramallah - ein by som har gjennomgått store endringar som resultat av okkupasjonen.

Del Innhald